Glem Preikestolen, glem Kjeragbolten. Trolltunga i Skjeggedal er den heftigaste steinformasjonen i Fjord Norge! Vi er ikkje i tvil. Ta turen sjølv om du ikkje trur oss...
Trolltunga og Preikestolen er ei perle av eit reisemål for turistar frå inn- og utland. Opplev den vakre og dramatiske Vestlandsnaturen med fantastisk utsikt. Start turen ved foten av Mågelibanen, følg stien ved Mågelibanen. Frå toppen tek turen om lag 7 timar t/r til Trolltunga og 8 timar til Preikestolen.
Det finst fleire DNT - hytter i området rundt Trolltunga. Kontakt turistkontoret for meir informasjon.
NB! Turen er først tilgjengelig når bruene er lagt ut. Dette skjer i månedsskiftet juni/juli.